Meininga med livet

Eg trur ikkje at det kun er det å få barn som er meininga med livet. Me har følelsar og draumar. Dei hadde ikkje vore der om me ikkje trengde dei. Det må jo vere ein årsak til at me har følelsar? Sorg, lykke, kjærleik? det er ein årsak til at me kan gråte og le.

 
Alle dei fine opplevingane, dei kan jo ikkje berre vere der for å fylle opp tida me ikkje brukar på å få barn? Dei felles frukostane på søndagsmorgonane, gåturane heim frå skulen og leikeslossinga i sofaen med gode kameratar? har ikkje dei fine opplevingane noko med meininga med livet å gjere? Kva med jentekveldane og konsertane, lykka over gode karakterar og komplimentar? Det same gjeld kjærleikssorg og dårlege dagar? alle opplevingane og følelsane må jo vere der av ein årsak?
Eg trur at livet har ei mykje enklare forklaring enn det me trur. Eg trur at me har følelsar, draumar og ønskjer for å ta nytte av dei.

Eg trur at å setje draumar ut i verkelegheita er meininga med livet - å handle. Eg trur at å lære nye ting som kan hjelpe deg sjølv og andre er meininga med livet. Kunnskap er meininga med livet. Eg meiner at å føle er meininga med livet - å vere lykkeleg er meininga med livet. Men for å kunne føle lykka må man oppleve sorga. Derfor er å føle meininga med livet.
Å gi av deg sjølv til andre er meininga med livet. Når du pregar andre sitt liv på ein fin måte - og ser korleis du påverkar dei har du funne meininga med livet. Ved å prege andre sitt liv blir ditt liv prega også. Me blir prega av kvarandre, og det er fint.

Alle dei små opplevingane og minna frå kvardagen er ein del av meininga med livet. Bussturane til farmor, kaffi mocca med krem på kafé med venninner og sælbuvottar som varmar i tjuetre minusgradar er meininga med livet. Lattertårer og gåturar med musikk på øret er meininga med livet. Ordentlege klemmar - ikkje berre ein slapp ein med ein arm, men ordentlege klemmar, er meininga med livet.

Meininga med livet er så stor og så mykje. Meininga med ditt liv er det du som avgjer. Kanskje me berre kan sei at meininga med livet er å leve?

 

Én kommentar

pappa

19.02.2012 kl.06:59

vakkert...

Skriv en ny kommentar

hits